GODT MOT, TODALEN minner om konferanse om bygdemobilisering i Stranda 24. – 25. september 2010. Konferansen er gratis og interesserte kan ta kontakt med GODT MOT, TODALEN v/Ragna Kvendset på tlf 48 000 144, innan 10.september. Meir info finn du her i invitasjonen.
Ønskjer du å vere med på å skape utvikling på bygdene? Jobbar du med lokalt tiltaksarbeid eller bygdemobilisering? Eller er du aktiv frivillig som brukar tid på å skape trivsel og gode lokalsamfunn? Då er du velkomen til konferanse om bygdemobilisering i Stranda 24.-25. september. Det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som arrangerer konferansen i tett samarbeid med hoppid.no. Første dagen er nettverkssamling for bygdemobiliseringsprosjekt som har fått støtte frå småsamfunnsatsinga i hoppid.no, medan dag to er ein open konferanse for alle. På programmet står tema som tilrettelegging for friluftsliv, omdømmearbeid, og verknaden av kultur som samfunnsbyggar. Her blir det mange gode døme å ta med seg heim!