Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på Røde Kors-tur til Smøla og Veidholmen

Jon Olav Ørsal Måndag 26. juni 2017

Årets Røde Kors-tur er under planlegging, og torsdag 31. august er det plana å sette ut i livet ein busstur til Smøla og Veidholmen for alle som har lyst, fortel leiar i Surnadal Røde Kors, Reidar Brøske til Todalen.no.  Da er det plana å starte frå Skei i 9-tida, og bruke heile dagen.  Turen går via Halsa og over med Hendset til Arasvika og vidare til Tustna og ny ferje over til Smøla.

Det er lagt opp til besøk på Vindmølleparken, Gurisentret og til Veidholmen, og turen vil koste kr 400 pr person, med matservering og ferjebillettar medrekna. På plakaten nedafor kan du sjlese meir om turen og korleis du melder deg på.

Plakaten med info om prisar, reiserute osv. Plakaten er laga av Surnadal Røde Kors.

 

Først publisert: 26. juni 2017, 03:00 - Sist oppdatert: 20. juni 2017, 22:30