Ved Kårvatn Fjellustyr er dei forlengst i gang med vintersesongen, sjølv om snøen let vente på seg så langt. Onsdag 25. november trør dei til med randonee-kveld for damer i butikken, fortel dagleg leiar Laila Kvendset til Todalen.no. Da kjem Ola Berger for å halde foredrag og vise film om randonee, med stor fokus på toppturar.
Laila fortel at denne randonee-kvelden, som er for damer denne gongen, passar for alle – enten du berre er nysgjerrig, nybyrjar eller om du er ein dreven utøvar, og Kårvatn Fjellustyr byr på god suppe og fyr på peisen denne kvelden. Dei byr og på gode tilbod på ski- og skredpakkar, samt induviduell hjelp til å sjå og prøve skiutstyr. Gratis inngang!
Påmelding til Laila K. Bergli, tlf 930 83 455, eller e-post: laila@fjellutstyr.no