Svinviks arboret førebur seg no på våren, og inviterer komande søndag på podekurs for alle som har lyst. Her kan du lære å pode dine eigne frukttre og du kan sågar få med deg treet heim for ein billig penge etterpå. Kurset startar kl 12 og held på til ca kl 14 – alt etter kor mange som deltek.
Kurset startar med å fortelje litt om frukthagen i Svinvik og korleis det blir jobba. Det jobbes no med å revitalisere frukthagen i arboretet. Arboretet har kjøpt inn nødvendig utstyr, men ta gjerne med en god og skarp kniv om du har. Arbeidet foregår utendørs, så ta på deg godt med klær. På grunn av at ein må kunne handtere ein svært kvass kniv passar aktiviteten best for vaksne, men ungar kan gjerne vere med og sjå.
Det er muligheter for å ta matpause innendørs, enkel servering. Ingen inngangsbillett til arboretet denne dagen, men ta med penger til podematerialer og kaffe. Den som vil kan pode et tre og ta med hjem til egen hage. (Kr. 80 pr. tre).
Det er dei tilsette i Svinviks arboret som arrangerer kurset, saman med Sven Olav Svinvik. Meir info finn du ved å klikke på linken her!
Velkommen til podekurs!