Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på lammesafari i Viastua

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. april 2023

No er det lamming på gang – i Viastua er dei første lamma alt komne til verda.  Aller først ute var Jenny, som lamma 21. mars – som eit resultat av eit romantisk eventyr medan dei enno var ute på beite –  men no er den ordinære lamminga i startgropa.   Om eit par dagar starta «rushet», og da kjem nok lamma som perler på ei snor.  

Jenny var føst ute – dei to lamma har alt vorte store og livskraftige. Foto Jon Olav Ørsal

I Viastua har dei knappe 40 lamsauer i år, og etter fosterteljing tidlegare i vinter er det rundt 80 lam som er i vente. – No er dei altså like rundt hjørnet, og Anne Berit Kvendset , som er matmor for sauene inviterer til lammesafari i Viastua no i påskehelga. 

Da kan du melde deg på og kome til Viastua for å oppleve vårens vakraste eventyr som lamminga også er kalla.  Frå skjærtorsdag til 1. påskedag tek Anne Berit mot besøk i smalastallen i tidsrommet 10 – 18 kvar dag.  Ho vil helst at du skal melde deg på ved å sende ei SMS-melding til telefon 412 24 431.  

Ventar på lamminga – det er knappe 40 sauer som skal lamme no i april. Foto Jon Olav Ørsal

 

Olea er favorittsauen, og er sterkt knytt til familien – ho er vant til å få litt ekstra oppmersamheit og ein og anna ekstra godbiten. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 5. april 2023, 08:59 - Sist oppdatert: 8. april 2023, 06:38