Det er Todalen historielag som laurdag 29. mai frå kl 12 og utover inviterer til kulturvandring i Brusetgrenda, frå Bruset og oppover til hengebrua. Kulturvandringa starta på Bruset kl 12, og så går turen innover grenda, med kjente guidar – Ola Bruset, Kristen Bruset og leiar i historielaget John Moe som blir med på turen. På returen går turen nedom Nernesset, der det før i tida var busetting.
Kulturvandringa er lagt opp etter tradisjonelt mønster, og program og rute blir delvis lagt opp etter deltakarane sine ønske.
Traktering:
Når det gjeld traktering så er det framleis vanskeleg å organisere i den koronatida vi lever i. Derfor ber historielaget om at den enkelte tek med seg litt nistemat, så vil arrangøren sørge for drikke til maten, seier leiar i Todalen historielag, John Moe.