Laurdag 17. august kan du være med på sommarens finaste løpetur, lokkar Trollheimen Fjellsportklubb på sine FB-sider. Da går nemleg Kårvatn Skyrace av stabelen, og da kan du velge om du vil ta løypa på 4 km, 10 km, 15 km eller om du vil ta den heilt ut og velge løypa på 29 km.
Det er for lengst opna for påmelding til årets arrangement, og mange har alt sikra seg startnummer til årets arrangement, som altså startar 17. august. På deltakarlista finn vi allereie mange kjente namn og sjølvsagt lokale størrelsar som Isak Drøpping og Erik Kårvatn som nærast deltak på heimebane.
Siste nytt er nok den nye barneløypa, og klubben håpar at mange barn kjem for å teste den? Den har start på Kårvatn gard og går langs elva innover til Nauståfossen med retur frå fossen om hyttefeltet og inn til målgang på Kårvatn gard.