Laurdag 22. august er du invitert til å bli med på haustens finaste løpetur – enten som deltakar eller som publikummar. Den dagen går nemleg Kårvatn Skyrun av stabelen, og dersom vêrgudane spelar på lag blir det ei stor oppleving, både for deltakarane og for publikum. Du er garantert naturoppleving av ypparste klasse.
Dersom du er deltakar kan du velje mellom 3 ulike distansar, som alle har start på Kårvatn. Den kortaste løypa – Storfjellet Opp – er på 4 km, medan Kårvatn Skyrun 29 km også går til Storfjellet, men fortsett til Grinaren, Slanglifjellet, Tovatnet og vidare gjennom Gammelseterdalen og målgang på Kårvatn. Det tredje alternativet Kårvatn Skyrun følger same ruta til Tovatnet, men fortsett derfrå til Tohatten, Gammelseterfjellet, via Neådalen til Kvennjulfjellet og ned Dalalia via Nauståfossen og til målgang på Kårvatn. Denne ruta har ein tidslimmit ved passering Tovatna.
Det er andre gongen at det arrangerast Kårvatn Skyrun, og det er Trollheimen Fjellsportsklubb som står som arrangør, fortel Gudmund Kårvatn som er primus motor for arrangementet. Han fortel vidare at det er stor interesse for løpet, og pr dato er det fleire påmeldte enn var til fjorårets løp på same tid.
Kårvatn fortel at det er mange slike løp som er avlyst i år på grunn av koronasituasjonen, men Kårvatn fortel at Kårvatn Skyrun har god kontroll på dette og har etter samråd med kommunelegen bestemt seg for å køyre arrangementet som planlagt. – Litt strippa blir det, seier Kårvatn, da det ikkje blir noko form for sal av mat under arrangementet. Fjorårets familiearrangement på Storfjellet i samarbeid med banken går også ut av same grunn.
Men Kårvatn anbefaler publikum å bli med til fjells. Det er plass til mange på Storfjellet, og her er det ingen problem med å oppfylle 1-metersregelen, seier han. – Ta med bjøller og flagg til fjells denne dagen, slik at vi kan vise at dette er ein festdag. Men det lønner seg for publikum å starte seinast i 9-tida, slik at du er komen oppå fjellet før løparane kjem forbi.
Kårvatn fortel vidare at Kårvatn Skyrun i år skulle være ein del av norgescupen for slike løp, og det skulle være uttaking til verdsfinalen. Men koronasituasjonen sette ein stoppar for disse planane, men det viser i alle fall at Kårvatn Skyrun allereie er eit prestisjefylt, og det har stor betydning for oss. Til årets løp er alle i norgestoppen invitert, men det er enno litt uklart kor mange som kjem for å delta.
På heimesida til Kårvatn Skyrun finn du mykje informasjon om løpet og løypene. Her er det også mange bilde, løypeprofilar og anna informasjon.