Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på busstur til Smøla i sommar?

Jon Olav Ørsal Fredag 3. mai 2024

Todalen historielag har den siste tida jobba med planar for den tillyste sommarturen til Smøla.  Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga.  Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag  – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor:

På Myrmuseet var det litt av kvart å sjå – her vil nok mange kjenne seg igjen. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

BUSSTUR
Stangvik Historielag og Todalen historielag arrangerer felles busstur til Smøla torsdag 4. juli.

  • Start frå Matkroken i Todalen kl. 07:30.
  • Hauahyllå kl. 07:45.
  • Øye skule kl. 08:00.
  • Vidare med ferje Hendset – Aresvik og Sandvik – Edøy.
  • På Smøla besøkjer vi Rosvoll Prestegard, og Norsk Myrmuseum.
  • Kaffe og bakels blir servert på prestegarden.
  • Vidare går turen til fiskevèret Veiholmen og Sanden bygdemuseum.

Rosvoll prestegard, Norsk Myrmuseum og Sanden bygdemuseum høyrer alle inn under Nordmørsmusea, som sørgjer for omvisninga.

  • Middag (saltfiskball, dessert og kaffe) på Havkroa.
  • Heimreise, yttersida av Smøla og same ferjene som på utoverturen.
  • Bussjåfør blir Øystein Moe.

Pris og påmelding
Medlemspris for heile turen kr 850 per person, ikkje medlem kr 1000.
Påmelding innan 15.06. til Einar Grønnes 918 94 944  eller John Moe 920 48 856.

Orginal infotavle om «Været» – denne står på Veiholmen. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Infoplakat om Sanden – denne stor også på Veiholmen og viser veg. Foto Jon Olav Ørsal

Her er plakaten med info detaljar for turen:

Publisert: 3. mai 2024, 18:41