Bli med og løp «Stor-rointj» søndag 25. juni. Da arrangerer Sparebank1 Nordmøre «Bankmila» i samarbeid med Surnadal IL, skigruppa som er teknisk arrangør. Banken byr på deltakarpremie til alle som tek runden rundt bygda.
På arrangørdagen 25. juni startar før MiniBankmila for barn, som startar kl 11 og går Bårdshaugen rundt. Her er det påmelding søndag, så det er lurt å være ute i litt god tid – her blir det også tidtaking, startnummer og alle får medalje.
11.30 er det start for trimklassen – her bestemmer du sjølv om du vil løpe eller gå. Her er det og tidtaking, slik at du kan konkurrere med deg sjølv, og kanskje du slår rekorden din frå i fjor? I trimklassen er det mange fine uttrekkspremiar – i skrivande stund har Talgø, Sport1, Intersport, Hydro, Surnadal Transport, Esso, Rema og Bunnpris gitt premie, men kanskje blir det fleire? Det er påmelding i denne klassen, og her velger man «Trim» som kategori.
Kl 12 skal konkurranseløparane starte – og da er det sjølvsagt å kome først i mål det står om! Her er det og påmelding – og viktig å velje rette aldersklasse!
Klassevinnarane i 2021 var:
Herre: Erik Kårvatn, Dame: Ann Kristin Amundsen. I 2022: Herre: Lars Peder Solli, Dame: Ann Kristin Amundsen
Ellers blir det kaffe og bakels og andre forfriskningar å få kjøpt, inntekta går til Skigruppa.
E lita folkefest på Skei med andre ord 😊