Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bli med og tipp VM-fotball!

Bli med og tipp VM-fotball!

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. juni 2010

No har du høve til å bli med på real fotballtipping på lokalt plan. Terje Nordvik har teke initiativ til å lage tippekonkurranse av fotball-VM som startar i desse dagar. Enkelt sagt skal du tippe gull-, sølv- og bronsevinnaren i sluttspillet for VM. Du får poeng for kvart lag du tippar rett, og den som får flest poeng får premiepotta som er 50 % av den totale innsatsen. Blir det fleire som får lik mange poeng, blir det deling av potta.

Tippesedlar er lagt ut på ICA Todalen, og der er det berre å tippe de lag/land du trur går til topps. Deretter legg innsatsen på kr 200 sammen med tippeseddelen i ein konvolutt og leverer den i VM-kassa på ICA Todalen innan fristen som er 25. juni kl 18.00. Da er greuppespelet ferdig og finalane startar. Så blir det stor spenning fra mot finalen når alt er avgjort.

Konkurransen skjer i regi av Todalen I.L., mens overskuddet av tippekonkurransen (den andre 50 %) går til drifta av Todalen.no

Her finn du plakaten med konkurransereglane for VM-tippinga

Publisert: 10. juni 2010, 21:09