Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med og sett Todalen på kartet!

Elinor Bolme Onsdag 5. februar 2020

I går var det informasjonsmøte i Todalen Ungdomshus med tema Todalen/Kårvatn som innfallsport til Trollheimen. Todalen er som tidlegare nemt valgt til å vere Surnadal kommune sin hovedinnfallsport til Trollheimen, og det er Verneområdestyret i Trollheimen som er pådrivar for å få til ei best muleg løysing rundt dette.

Verneområdeforvaltar for Trollheimen Hege S. Moen sitt som leiar i arbeidsgruppa som er oppretta, og ho orienterte dei frammøtte om kva dei har jobba seg fram til så langt. Mykje går på god skilting og tilrettelegging for god og matnyttig informasjon for dei som har tenkt å ta turen til Trollheimen. 

Det vart også informert om muligheitene  for formidling av informasjon innover vegen mellom Todalskrysset og Kårvatn.

Verneområdeforvaltar for Trollheimen Hege S. Moen har engasjert iTrollheimen AS for å utvikle digital informasjon innover strekningen og Gøran Bolme og Åse Børset var med for å vise kva moglegheiter som no er under planlegging.

Her er det tenkt at den digitale informasjonen skal inspirere besøkjande til å oppleve Todalen og Trollheimen frå Todalskrysset og vidare innover til Kårvatn og resten av Trollheimen.

Ved kvart skilt innover vil det være mulig å få opp informasjon i form av filmar, musikk, bilder, forteljingar og tekst. iTrollheimen utvikler ein App (Trollheimen Info) for dette.

For å få ei ryddig oversikt, og god framdrift i prosjektet ønsker derfor iTrollheimen og Verneområdestyret no hjelp frå Todalingene. Dei ønsker innspel til innhald til dei 8 skiltpunkta på kartet ovanfor på kva det skal fokuserast på av digital informasjon, tekst, bilder, videoer, lokale songer mm. 

Slik tenker Verneområdeforvalter og iTrollheimen at dette kan være:

  • P1: Todalskrysset – En teaser i bilder og film hva som ventar deg innover til Todalen og Kårvatn
  • P2: Svinvik Arboret – Info om Svinvik gard, arboret og Svinvikrunden
  • P3: Rasteplass etter Svinviktunnelen med oversikt over Todalen – Informasjon om fangstanlegga i Todalsfjella
  • P4: Todalen ved Hett og Svett – Teaser om Todalen og fangstanlegga i Todalsfjella.
  • P5: Toåa Tursti – på sikt ein digital natursti?
  • P6: Todalshytta – Todalshytta og stiene til Innerdalen
  • P7: Innerdalsmerket – Turen over Bjøråsskardet
  • P8: Kårvatn – Kårvatn og stiene herifra

Hugs å tenke på at informasjonen bør være om noko i Todalen eller Trollheimen som tilreisende har nytte av å få vite. Her er det ikkje snakk om lange avhandlinger men kort og presis informasjon. Rettigheiter til bruk av innsendt materiale må være avklart.

Innspel sendas til iTrollheimen pr e-post: post@itrollheimen.no innen 20.02.2020. HUGS å merke kva for punkt dine forslag hører til under.

Etter innleveringsfristen vil iTrollheimen gjerne komme innover igjen for å ta eit møte med ulike grupperinger før endelig gjennomføring.

Er det spørsmål er det berre å ta kontakt på post@itrollheimen.no eller ringe Gøran Bolme på 93088652.

Først publisert: 5. februar 2020, 22:25 - Sist oppdatert: 6. februar 2020, 22:25