Stangvik historielag og Todalen historielag inviterer til busstur laurdag 8. juli. Årets tur går til Bud i Romsdalen. Her blir det omvising omvisning på Kystfortet og guiden vår vil fortelje oss litt ekstra «Bud-historie».
Bussen starter frå Matkroken Todalen klokka 08:00. Det blir stopp ved Stangvik skule på Evenshaugen ca klokka 08:15, der det er god plass for parkering. Ferjeavgang frå Kvanne klokka 08:30. Neste stopp for påstigning blir ved Fossheim i Ålvundfjorden. Om nokon ønsker å gå på bussen utanom dei annonserte stoppstadane, ber historielaga om at dei seier frå om dette ved påmelding.
Så går turen vidare med stopp ved Bjartmars favorittkro på Kårvåg, der det blir servert kaffe og kakestykke. Lars Steinar og Mette Ansnes møter bussen på Averøya og blir med som guidar derifrå til Bud. Etter omvisning på kystfortet blir det buffet med dessert på Bryggjen i Bud rundt klokka 14:00. På Bryggjen i Bud skal det vere utruleg god mat, går det rykter om!
Prisen for turen, som inklusive omvising på Kystfortet, kaffe med kake på Bjartmars favorittkro og buffe med dessert på Bryggen, blir kroner 800,- per person. Betalinga skjer på bussen med kontantar, Vipps eller giro.
Påmeldingsfrist er 28. juni 2023.
Påmelding til John Moe på telefon: 920 48 856 eller epost: moej6645@gmail.com
Lars Gudmund Røen på telefon: 916 67 501 eller epost: lgroeen@online.no
Historielaga håpar at mange finn turen interessant og blir med, slik at dei kan fylle opp bussen!