Tysdag 17.august tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Svarthammaren oppi Knykja. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring. Så går turen til Honnstadkroken for å parkere og deretter går turen opp til Svarthammaren, først etter skogsvegen, og sidan etter ein grei sti, heilt opp til Svarthammaren.
– Dette blir ein fin tur i eit kanskje uvant terreng for mange? seier Kristian Ranes.
Han oppfordrar vidare alle til å bli med til Svarthammaren.
Ta med mat, drikke og godt humør, så blir dette ein kjempefin tur!
Vel møtt!