Tysdag 3. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Tysdag går turen til Skardfjellet og det er oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Kvenndalen og opp til parkeringsplassen.
– Motbakkar, men fin tur i eit nytt terreng for mange (?), seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.
– Gode sko og godt humør, matpakke og nok drikke er bra, legg han til.
Fjellgruppa ønsel vel møtt til ny fjelltur!