Tysdag 20. mai inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet i Surnadal medlemmer og andre interesserte til fjelltur, der målet denne gongen er Mellingfjellet.
Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Holtahalsen i Østbødalen og parkering hos Mary og Lars Gudmund.
Derifra følger vi ein sti som kanskje få veit om opp til Lomtjønna på Mellingfjellet, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
Nedatt følger vi ein skogsveg ned til Øsbødalsvegen og etter den til bilane, legg han til.
Fjellgruppa ønsker medlemmer og andre vel møtt til fjelltur!