Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med Fjellgruppa til Innerdalen og Renndølsetra tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. august 2022

Tysdag 16. august går, Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag, sin tur til Innerdalen og Renndølsetra. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 11:00 for samkøyring. Dei som har kortare veg til Kvanne fergekai, møter her. Det blir parkering Innst i Virumdalen, før turen går vidare til fots etter god veg opp dei 4,5 kilometrane til Renndølsetra. 

På Renndølsetra er det høve til å kjøpe kaffe, bakels og meir til. Her blir det høve til å sjå seg om – kanskje blir det også ei eiorientering om setra og korleis dei berga Innerdalen frå oppdemming.

Retur når vi blir enige om det, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. 

Trengst ikkje fjellsko, men godt humør er bra!, legg han til

Fjellgruppa ønsker vel møtt!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 11. august 2022, 09:20