Tysdag 31. mai inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til tur til Hennafjellet i Heim kommune. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Hennset. Fjellgruppa har med seg kjentfolk som vil vise fram kor ein skal parkere, og dei vil også gå først oppover stien.
Hennafjellet ligg på rundt 600 m.o.h. og det blir sagt at det er fin utsikt frå toppen!
– Ta med det vanlege: Gode sko, matpakke og godt humør, så får vi ein fin tur saman, oppfordrar Kristian Ranes i Fjellgruppa.
Fjellgruppa ønsker velkommen til ny tur!