Tysdag 28. mai tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag nok ein tur til ein nabokommune. Da er nemleg turmålet Fløystadfjellet (Skarven). Fløystadfjellet ligg på Kanestrum i Tingvoll kommune, og toppen ligg på 653 meter over havet.
Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Halsa fergekai, og ferga over til Kanestraum. – Frå parkeringsplassen følgjer vi fin veg og sti opp på Fløystadfjellet, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.
– Topp tur med bra stigning og flott utsikt, legg han til.
– Hugs mat og drikke!, avsluttar han.
Fjellgruppa ønsker vel møtt til ny fjelltur!