Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med Fjellgruppa til Fauskåvatnet!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. juni 2021

Tysdag 15.juni kan du bli med Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Fauskåvatnet. Oppmøte på parkeringsplassen framom Øye kyrkje klokka 10:30. Derifrå er det samkøyring inn til bommen i Østbødalen. Dei som bur slik til at det er kortare å køyre direkte til bommen gjer det. Bomavgifta er kr. 30,-. 

Etter bommen køyrer Fjellgruppa innover til vegkrysset med «Kjerringa», og parkerer der. Derifrå tek dei fatt på turen opp lia og vidare til Fauskåvatnet. Det er ein bratt veg, men stien er fin og god å gå på.

Ta med mat og drikke samt godt humør, så blir det ein triveleg tur!

 

Publisert: 10. juni 2021, 14:30