Tysdag 20. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur til Blåfjellet i Heim kommune. Som kjent vart tysdagens planlagde tur dit avlyst på grunn av veret, men no prøver dei altså på att, og satsar på at vêrgudane er meir samarbeidsvillige denne gongen.
Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30, for samkøyring til Rognskog i Betna, der det blir parkering.
«God sti til toppen av Blåfjellet, som er 766 m høgt, så det blir litt motbakke, men formen er vel god no så seint i sesongen?», seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.
«Ta med gode sko, mat og drikke og det vanlege gode turhumøret!», avsluttar han.
Fjellgruppa ønsker alle vel møtt!