Todalen Sanitetsforenning inviterer til den uformelle aktiviteten «korleis lage enkle og dekorative lerkehjerter» førstkommende tirsdag klokken 18 i sanitetshuset. Dette er i forbindelse med fastelavn som er søndag 26. februar, og foreninga skal i år selje fastelavnshjerter med fjør i nye fargevariantar i tillegg til dei tradisjonelle risa.
Produksjonen som blir gjort denne kvelden er tenkt seld på Matkroken i fastelavnshelga, men er det nokon som vil kjøpe med ein gong blir det vel kanskje ei rå med det også…
Aktiviteten passar også veldig godt til dei aller minste, da det er kjekt med god finmotorikk for å få på fjørene. Og aktiviteten er så klart allergivennleg for dei som ikkje tåler bjørka, for bjørkerisa er allerede produserte.
Funfaks om fastelavn:
- I 1946 vart det første fargerike fastelavnsriset seld.
- Nordmenn kjøper kvart år fastelavnsris for rundt 12 millioner kroner.
- Dette utgjer ca 160 000 ris.
- Kvart år finansierer Sanitetskvinnene forskning for mellom 7 og 12 millioner kroner, takka være inntekter frå fastelavnsriset.
- 1 doktorgrad = ca 40 000 selde ris.