Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli kjent med randonne!

Elinor Bolme Laurdag 5. januar 2019
Onsdag kveld inviterer Todalen Idrettslag til randokveld i Sæterlia, i samarbeid med Surnadal Alpinsenter AS. -Endeleg, så blir det eit opplegg for dei som vil læra meir om randndonne også her i dalføret, fortel Gudmund Kårvatn.
 
Dette er også ei oppkjøyring mot NC som arrangeres på Kårvaten siste helga i februar. Det blir derfor satsa på ein kveld i veka der interesserte samlast og går i lag, og kanskje vil fleire vil delta i ulike klassar opp lia rennhelga. 

Ola Hovdenak frå Romsdal Rando kjem og deler gode råd med både teknikkar og treningstips.

Publisert: 5. januar 2019, 07:22