I morgon, torsdag 16. august kl18 inviterer dei to FAU’a ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter til ein bli-kjent-dag med lokasjon på Todalen Oppvekstsenter. Dette er eit arrangement for alle ungane, foreldra og dei tilsette ved dei to oppvekstsentra som skal tilbringe det neste skuleåret i lag i Todalen
FAU stiller med grillar, kaffe og gode kaffebrød. Så kvar enkelt som tek turen innover treng berre å ta med seg grillmat, tallikar og bestikk. Om veret ikkje blir til å vere ute i, blir det fortsatt grilling under tak, men ein tek med maten inn, melder komiteen til todalen.no.
Stangvikelevar og foreldre vil få høve til omvisning både inne og ute, og elevane blir inndelt klassevis undervegs for å bli betre kjent i løpet av dagen.