Natt til 2. pinsedag var det kanskje nokon som vart lurt av nattefrost. Mange plassar var nok nattetemperaturen nær frysepunktet, og da er nok Skaugumbegoniaen i faresona. Det er nok rette tida å starte herdinga no, men ein må følge med om kvikksølvet nærmar seg nullen.
Sist på mai og først på juni kan nok nattefrosten lure oss, så det er lurt å dekke over plantebryddene dersom ein fryktar at det blir for kaldt – eller ta den inn i kjelleren om natta.
Stemoren tåler derimot ein trøkk, så den står like godt om det blir nokre kuldegrader, og er nok skikkeleg herda.