Det er den klare oppfordringa frå den lokale komiteen for TV-aksjonen 2025 i Surnadal kommune, som fredag ettermiddag inviterte til eit pressetreff i lokala til Frivilligsentralen i Surnadal på Skei.
TV-aksjonen er verdas største innsamlingsdugnad
Sjå informasjonsfilm om TV-aksjonen 2025
Årets TV-aksjon er søndag 19. oktober mellom klokka 14:00 – 16:00. I Surnadal kommune, som er ein vidstrekt kommune, treng komiteen rundt nitti bøsseberarar, for å dekke heile kommunen denne søndagen. Så dei håpar på at mange frivillige vil melde seg som bøsseberarar og vere med på den store dugnaden denne søndagen. Ein kan melde seg som bøsseberar på Bli bøsseberar, bruk QR-koden nedanfor eller ved å ta kontakt med dagleg leiar for Frivilligsentralen, Siv Torvik på telefon 478 75 485.
Inntekta frå årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og vil gje funksjonshemma i Ukraina, Palestina, Nepal, Zambia, Tanzania, Etiopia og Uganda eit betre liv. Atlas-alliansen er ein paraplyorganisasjon for åtte organisasjonar av og for funksjonshemma.
Rundt 16 prosent av verdas befolkning har ei funksjonsnedsetting, og heile 80 prosent av desse bur i eit låg- og mellominntektsland. Inntekta frå årets TV-aksjon vil hjelpe rundt 200 000 av desse til å få eit betre liv.
Saman opnar vi dører!
Den lokale komiteen for TV-aksjonen består i år av Siv Torvik, dagleg leiar for Frivilligsentralen i Surnadal, Oddny Elisabeth Hoem frå Treffast, Elinor Bolme frå Surnadal Sanitetsforening, Elsa Kvande frå Surnadal Røde kors og Bitten Ranes frå Pensjonistforbundet Surnadal.
Dei håper at mange vil melde seg som bøsseberarar på Bli bøsseberar og bli med på dugnaden søndag 19. oktober!
Inviterer til Innsamlings-kafé med loddsal
Søndag 19. oktober frå klokka 15:00 og litt utover ettermiddagen, som ein del av TV-aksjonen, inviterer Frivilligsentralen i Surnadal til Innsamlings-kafé i lokala til frivilligsentralen i Fiskegården på Skei.
Her blir det sal av kaffe og kaker. Det blir også loddsal med fine gevinstar. Alle inntektene frå dette går til TV-aksjonen.
Komiteen håper både privatpersoner og næringsliv vil donere gevinstar som kan loddast u. Dei som vil bidra med dette kan ta kontakt med Siv Torvik på telefon 478 75 485. – Oppfordrar her spesielt lokale kunstnarar og handtverkarar til å bidra, sa komitémedlem Elinor Bolme.
– Da blir oppfordringa å melde seg som bøsseberar søndag 19. oktober, og bli med på å opne dører til ei tryggare og meir inkluderande framtid!, avslutta komiteen.