I Bruset marka bles dei nytt liv i tradisjonen med julegrantenning. Fredag kveld kom julegrana på plass i Trudvangkrysset, og sjølvsagt var det festivitas og stas med lystenninga. Og med julegrantenninga høyrer det med litt festivitas med gløgg, clementiner og varme pølser, og sjølvsagt høyrer litt julemusikk med.
Det hadde gått ut invitasjonar til alle bebuarane i Brusetmarka, og dei alle fleste hadde møtt opp for å få med seg «happeningen» – og det var heller ikkje fritt for gjestar frå omverda. Torill og Steinar hadde rigga til ein base for serveringa i garasjen på Trudvang, og det var populært. Sjølv om det ikkje var meir enn 3-4 kuldegrader var det godt å varme seg på eit beger med varm gløgg.
Ingeborg Talgø fortalte at det fram til midten av 90-talet var fast tradisjon med julegrantenning i Brusetmarka, men da Elmer flytta til Rindal vart det slutt på dette. Men no er dei altså i gang igjen, – Kristen Bruset hadde sponsa juletre frå Bjørålia, og Erling Talgø sponsa juletrelys frå Hageland. No skal juletreet spre glede i Trudvangkrysset fram til nyttårsrakettane er komne i lufta.
Bildeglimt frå julegrantenninga i Brusetmarka. Alle foto: Jon Olav Ørsal