Gudmund Kårvatn og Olve Børmark fortel at det har vore spesielt hektisk denne veka, som nok er prega av både Black Week, Black Friday og sjølvsagt sett nok julehandelen etter kvart preg på aktivitetane både i butikken og i nettbutikken. No er det altså heilsvarte dagar med 25% på det meste av sortimentet – med visse unntak.
Gudmund fortel om responsen på den nye nettbutikken til Kårvatn Fjellustyr, og fortel at omsetningsvekten i år har kome i nettopp nettbutikken. – Da vi var innom, heilt på tampen av dagen, lasta postbudet nærast full bil – og slik har det vore dei siste dagane. Det ser ut som det generelle trenden for varehandelen er økt aktivitet for netthandelen.
Dei heilsvarte dagane fortsett til og med søndag 28. november i nettbutikken og til og med laurdag kl 16 for butikken på låven – Kårvatn Fjellustyr.