Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blå resept og kløvertur

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. august 2025

Todalen sanitetsforening er i gang med gang haustsesongen 2025. Måndag 25. august starta sanitetsdagen med kløvertur og vart avslutta med ope møte om kvinnehelse i Sanitetshuset.

Møtet om kvinnehelse var digitalt med oveføring frå Saniteskvinnene sentralt. Dette er ein effektiv måte for å nå ut med informasjon til medlemmer og interesserte i heile landet.

Sanitetskvinnene vender seg no til Stortingskandidatane med tydeleg melding om å ta kvinnehelse på alvor med blikk på overgangsalderen:

*Overgangsalderen er ingen sjukdom, men sjukefråværet til kvinner aukar i alderen 45 til 55 år.

*Ein tredjedel opplever moderate plager og ein tredjedel betydelege helseplager i overgangsalderen.

*Mange kvinner blir sjukmelde pga plager som muskel- og skjelettsmerter, søvnproblem, konsentrasjonsproblem, psykiske plager og heitetokter.

Den gode nyheita er at det finst effektiv behandling – mange har svært god effekt av ulike former for hormonbehandling. Men kvinner må ha god økonomi for å ha tilgang til denne bahandlinga.

Så kravet til politikarane frå Sanitetskvinnene er:

Vi krev at hormonbehandling for overgangsaldersplager blir tilgjengeleg på blå resept for alle kvinner som har behov for det!

Kløvertur i godver – her i Husbygarden. Foto: Marit Sanden Søyset.

Kløverturar i august

Kløvertursesongen starta opp 18. august med tur i Toåa tursti. Dagens tur gjekk frå Matkroken, rundt om Husbygarden, ein runde i Toåa tursti før samling i Kaffekroken.

Sosialt samvær, mosjon og frisk luft er helsefremmande.

Kløvertur 18. august. Her er Arndis, Dordi og Helen framfor gapahuken ved Båthølen. Foto: Marit Sanden Søyset.

På tur ned Husbyevjå. Foto: Marit Sanden Søyset.

Rundt bordet: Synnøve Hole Talgø, Helen Molde Saksen, Solveig Glærum, Arndis Søyset, Ragnhild Ansnes Moe, Steffi Bohle, Ingrid Pedersen, Jorunn Hals Ørsal, Jorunn Husby. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

 

 

Publisert: 25. august 2025, 22:38