Surnadal brannvesen har no inngått avtale med Norsk brannvernforening om bruk av Brannbamsen Bjørnis i sitt forebyggjande arbeid retta mot barn i Surnadal kommune. Avtalen er rykande fersk denne veka, så brannsjef Tor Arne Moen har ikkje alle detaljar om bruk og profilering klare enda. Prosjekleder for Bjørnis, Rikard Heimen derimot er rimelig klar på at Bjørnis er 5. mann i brannbilen. Bamsen skal væra fast inventar i alle bilane og gis til barn som er involvert i ulykker, har vore vitne til ulykker eller andre situasjonar som kan opplevas som dramatiske for dei.
Gjensidige Surnadal sponsar
Tor Arne ønsker å berømme Surnadal Gjensidige som velvillig stiller opp og dekkjer alle utgifter som berører denne avtalen. Her vil det på sikt bli innkjøpt materiell til utdeling, samt at den «levande» Bjørnis kan duke opp i Surnadal.
Bakgrunnen for Brannbamsen Bjørnis
Frå heimesida til Bjørnis finn vi følgjande info:Brannbamsen Bjørnis er ein bamse som primært er utvikla for å møte barns behov for omsorg og tryggheit ved ulykker og traumer, samt å vekkje barns interesse for forebyggjande brannvernarbeid. Brannbamsen Bjørnis skal også benyttas i annet helsefremmande og forebyggande arbeid, for å sikre barnevelferd.
Det er Trøndelag brann- og redningstjeneste IKS som har utvikla konseptet, og har no fleire ansatte som arbeider med Bjørnisprosjektet. Prosjektet var først lokalt i Trondheim, men er no også ute på over 50 lokale brannvesen over heile landet. Bamsen er til og med i sosiale medier for å drive det viktige arbeidet med å forebyggje brann.