Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bjørn takkar av etter 47 år som yrkesaktiv

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. juni 2021

I dag var det markering på kantina på Talgø Bygg.  Bjørn Todalshaug takkar av og blir pensjonist etter ein arbeisdag som har vart i heile 47 år.  Han hadde starten på sin yrkeskarriere på SIAS Interiør i Todalen, og tok med seg 12 års erfaring da han flytta til Holten & Aasgård Møbelfabrikk i 1986.  På Holten og Aasgård vart det 11 nye år, før han fikk sin arbeidsplass i Todalen, da Talgø overtok Holten og Aasgård.

Gåve og helsing frå kolleger og frå klubben. Dan Roger Pedersen overrekkjer gåve til pensjonisten Bjørn Todalshaug. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter at han kom til Todalen, arbeidde Bjørn først i Talgø Møbelfabrikk, før det vart Talgø MøreTre og etterkvart Talgø Bygg etter at elementproduksjonen og entreprenørverksemda vart flytta dit. 

Ved ei enkel markering vart Bjørn takka av, noko som vart markert med kakelag og overrekkjing av gåver både frå avdelinga, kolleger og frå Talgøfamilien.  Vi nyttar også høvet til å ønskje Bjørn ein fin pensjonisttilvære.

Publisert: 30. juni 2021, 12:29