På grunn av tekniske problem, som følge av stor vassføring i Bjøråa, er det innført kokepåbod av drikkevatnet frå Bjøråa vassverk. Dette blir abonnentane informert om i ei tekstmelding frå Surnadal kommune.
Det har òg tidlegare denne veka, ved to høver, vore problem med vassforsyninga frå Bjøråa vassverk, man då på grunn av lynnedslag og torden.
Under kan du lese meldinga frå Surnadal kommune til abonnentane i Bjøråa vassverk:
«Kokevarsel for Bjøråa lø. 14. aug. 2021 10:30. På grunn av tekniske problemer med vassverket som konsekvens av store nedbørsmengder, oppfordres abonnentene i Bjøråa til å koke alt vann som skal benyttes som drikkevann eller til matlaging. Det vil bli utsendt et nytt varsel når kokevarslet blir opphevet. Hilsen Surnadal kommune».