Frå Gudmund Kårvatn har vi fått opplysningar som tyder på at bjørnen har passert kommunegrensa og er komen over til Sunndal eller Oppdal. Det er observert bjørnespor ved Meskaret som ser ut til å kome frå Innerdalen. Spora gikk nedover lia mot Meskardvatnet og vidare mot Bjønnhjellan og Ottdalen. Så da tyder det på at bjørnevisitten i Todalen er over for denne gongen.
Da kan vel trimmarar og turgåarar snøre på seg fjellskoa igjen og trygt ta seg ein tur ut i terrenget og nyte det fine værværet og vårløysinga som forlengst er i gang.