Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bjøråa vassverk i stabil drift

Bjøråa vassverk i stabil drift

Jon Olav Ørsal Sundag 27. januar 2013

Problema med tilføring av vatn til Bjøråa vassverk ser ut til å vera løyst. Det er no betre tilsig, og vi reknar med at det no skal bli tilnærma vanleg drift, seier vakthavende på kommunalteknikk Odd Einmo til Todalen.no.  Søndag føremiddag var det litt problem med luft i pumpeanlegget, men etter lufting av anlegget og kontrollert oppkøyring igjen, så skal det no være vatn i kranane til abonnentane.

Einmo oppfordrar imidlertid abonnentane til å spare litt på vatnet til situasjonen med vasstilføring i anlegget har normalisert seg. Det er no meldt mildare vêr, og i midten av neste veke er det venta litt regn i vêrmeldingane til yr.no.  Da vil det nok dukke opp eit nytt problem med mange stikkrenner som er frosset att.

Publisert: 27. januar 2013, 12:17