Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bjøråa vassverk – framleis dårleg vasstilsig

Bjøråa vassverk – framleis dårleg vasstilsig

Jon Olav Ørsal Fredag 25. januar 2013

Surnadal kommune melder at situasjonen framleis er vansleleg for vassforsyninga frå Bjøråa vassverk som dei driftar. Kommunen har i dag, utan særleg hell , undersøkt mulegheita for å auke tilsiget til brønnen. Slik situasjonen er fredag ettermiddag, vil abonnentane vil tidvis kunne tappe vatn, men vil vere utan vatn i den tida det tar å fylle brønnen igjen. Om det blir nødvendig vil kommunen køyre ut vasskonteinar som det kan tappast frå. Kommunen melder at dei vil halde ekstra høg beredskap gjennom helga. Vakthavande kan nås på tlf. 416 35 388. Sjå også nettstaden til Surnadal kommune.

Publisert: 25. januar 2013, 18:36