Neste veke er det bispevisitas i Stangvik og Surnadal. Programmet for visitasen ommfattar heile veka frå søndag til torsdag, og blir avslutta med visitasgudsteneste i Øye kyrkje neste søndag. Bispevisitasen startar med viitasgudsteneste i Stangvik kyrkje før turen går til Todalen
I Stangvik kyrkje er det gudsteneste søndag kl 11, og etterpå blir det kyrkjekaffe i prestegarden med middag saman med sokneprest Bernt Venås. Etterpå ber det vidare til Todalen, der besøket startar med omvisning på Talgø utstillingssenter. Det blir det og arrangert felles soknerådsmøte og fellesrådsmøte, før turen går vidare til Todalen kyrkje kl 21, for kveldsbøn.
Måndag er det Stangvik aldersheim, Stangvik skule og Surnadal kulturhus som står for tur. Tysdag blir bruka på kyskjelydshuset, medan det onsdag er Mo kyrkje, Vårsøg Hotell, Trollheim Vekst, Kallastua og sjukeheimen som får besøk, før dagen sluttar i Åsskard kyrkje for songkveld. Torsdag startar med morgonsong i Øye kyrkje, Surnadal ungdiomsskule, Velværesentret og prestegarden for dei rundar av med kveldssong og innviing av det renoverte orgelet i Ranes kyrkje. Søndag 24. rundes visitasen av med gudsteneste i Øye kyrkje og visitasmøte på kyrkjelydshuset.