Mørebiskop Ingeborg Midttømme har visitas i Surnadal siste veka i oktober. Kyrkjesokna legg opp til eit allsidig – og annleis – program. Konstituert prost Vidar Rygh og lokalstaben tek bispefølgjet rundt i kommunen for å vise noko av det pulserande livet i bygdene.
Begynner i sentrum
Tysdag 25. oktober skjer det meste på Skei. Biskopen og hennar sekretariat møter tilsette i kyrkja, besøkjer Amfi Kreativ, kulturskulen, konfirmantundervisninga og Sommerrotunet. Om kvelden samlast sokneråda, fellesrådet og bispefølgjet i Kyrkjelydshuset. Onsdag er det besøk i barnehage og skule på Øye og på Surnadal Sjukeheim. Ranes kyrkje er publikumsarena for musikkprogram med lokale kor om kvelden.
Kustell, butikk og bedehus
Etter synfaring i Mo kyrkje saman med kommuneleiinga og besøk på Røv Mølle torsdag morgon ber det til Åsskard. Første stopp der er den moderne mjølkeprodusenten «Jur og kustell AD» i Bøverdalen – med over 200 kyr i felles fjøsdrift. Omvisarar her er Hans Johan Aarnes og Lars Bæverfjord. På Coop Marked på Bølandet vil May Iren Dønheim Hovde presentere Merkur-programmet, ein vesentleg faktor for drift av nærbutikk. Etter samver med Amigos-barna på bedehuset Betania står «frivillighet» som tema på Bøfjorden Grendahus. Her møter biskopen entusiastar frå dei lokale sokna som med stor gratisinnsats gjer lokalkyrkja levande. Bjarne Nordlund og Torbjørn Brøske innleier på møtet, som er ope for alle.
Gudsteneste i Stangvik
Etter eit par møtefri dagar blir veka avslutta med visitasgudsteneste i Stangvik kyrkje søndag 30. oktober. Her er det barnedåp og nattverd. Biskopen deltek saman med prestane Vidar Rygh og Torbjørn Brøske, andre tilsette og eit felles kor. Under kyrkjekaffen etterpå, der også alle er velkomne, held biskop Ingeborg Midttømme sitt visitasforedrag med tankar og visjonar etter kyrkjedagane i Surnadal.