Dagens gudsteneste var tillyst i Svinsviks arboret, men på føremiddagen i dag var det godt med regn, og soknerådet beslutta at gudstenesta skulle flyttast til kyrkja. Og bra var nok det, for det regna bra da gudstenesta starta. Litt synd var det sjølvsagt, for førebuingane for utegudsteneste var gjort, men vêret er det da ingen som rår med. Det var Mørebiskopen Ingeborg Midttømme som var dagens liturg, og resten av mannskapet var også basert på «reservestyrker».
Bernt Bøe var organistvikar, Kristian Settem var vika for kyrkjetenaren, Randi V. Bøe var klokkarvikar – men kyrkjevertane var Kristian Gjeldnes og John Moe frå Todalen sokneråd. I dag var det også dåpshandling under gudstenesta – det var lille Hennie Sæter Sandland frå Surnadal som var båret til dåpen, og som vart oppattkalla etter oldemora.
Det var forresten flott salmesong under dagens gudsteneste, der deler av P17-koret var med som forsongarar og dermed forsterka salmesongen under gudstenesta. Midttømme tok i si preken utgangspunkt i ekstremvêret den siste tida og i bibelteksta at ein ikkje skulle bekymre seg for morgondagen.
Neste gudsteneste i Todalen er ikkje fostsett, men vil bli kunngjort i god tid, og klokkaren oppfordra kyrkjelyden til å ta del i kyrkjevalet på valdagen 11. spetember. Gudstenesta vart runda av med Todalssongen, og etterpå var det kyrkjekaffe.