Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Alle sokneråda i Surnadal kommune samla saman med Biskop Ingeborg Nordtømme. Foto: Jon Olav Ørsal

Biskopen besøkte Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 18. november 2013

Bispevisitasen i Surnadal kommune starta søndag, med gudsteneste i Stangvik kyrkje som første punkt på programmet. Etterpå var det kyrkjekaffe i prestegarden, før sokneprest Bernt Venås inviterte biskopen til middag i prestegarden. Etterpå bar det til Todalen, der omvisning på Talgø utstillingssenter var første del av todalsprogrammet.

Biskop Ingeborg Midttømme var imponert over den store bredda i sortimentet og dei flotte utstillingane på utstillingssentret. Men var også imponert over historia som legg attafor det 114-årige møbelkonsernet, som har sitt utstillingssenter i lokala der historia starta i 1899.

På utstillingssentret var fellesrådet og alle sokneråda samla til felles møte med biskopen. Møtet starta med servering av snitter og kaffe, som nokre av medlemane i Todalen sanitetsforening hadde sørga for. Dei er «viden kjent» for sin matservering, og det såg ut for å være vellukka denne gongen også. Det var nok ikkje mykje E-stoff i den heimlaga maten som vart servert til møtelyden.

Etter møtet var det samling til ein kort kveldsbøn- og songkveld i Todalen kyrkje, før Biskop Midttømme med følgje drog vidare til Surnadal. Måndag står besøk på Stangvik aldersheim, Stangvik skule og Surnadal kulturhus på programmet som start på ei travel veke.

Nokre bildeglimt frå biskop Midttømmes besøk på Talgø utstillingssenter og frå kyrkjene i  Todalen og Stangvik.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 18. november 2013, 22:39 - Sist oppdatert: 26. november 2013, 06:46