Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Birøktarkurs: lærer seg å ta var på helsa

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. februar 2020

Ein gjeng birøktarar var i dag samla til kursdag i Skulstuå i Todalen.  Dagens tema var «sjukdom og hygiene hos bier», og dette er eigentleg eit autorisasjonskurs der birøktarane skal lære seg å ta vare på helsetilstanden i bikubane sine. Kurset går over 4 samlingar, med avsluttande eksamen. Kurset er laga av Norges birøktarlag i samarbeid med Mattilsynet, fortel kursleiar Anders Talgø.

Visste du forresten at Møre og Romsdal er det området i landet (kanskje også heile verda) der det er minst sjukdom på bier og bisamfunn. Dette gjer at Møre og Romsdal birøktarlag legg stor vekt på forebyggande arbeid på dette området, for di det er mange farar som lurar i andre distrikt, og det skal veldig lite til for at smitte skal spres til nye distrikt.  Eit eksempel er at folk kjøper utanlandsk honning og brukar dette utandørs, slik at bier kjem i kontakt med honningen – meir skal det ikkje til for å spre smitte. Da er det lett å forstå at birøktarane er litt «på tå hev» og er redde for å få slike uventa besøk i bigarden sin. Difor er det også forbud mot å kjøpe bier utafor Møre og Romsdal.

Når vi først pratar om smitte, så kan også biene spre smitte mellom frukthagane. Pærebrann er ein sjukdom som går på frukttre og som kan bli spredd med bier som trafikkerer mellom fleire frukthagar. Elles er det viktig å stelle godt med biene slik at ein får sterke og kraftige bifolk som har god helse og som held sjukdomane unna.  Birøktarlaget og mattilsynet har saman laga strenge reglar for å handtere dette, og difor er birøktarane pålagt å ta dette kurset dersom dei skal flytte på bikubane sine – for eksempel flytte dei på lyngtrekk.

 

 

Publisert: 22. februar 2020, 12:42