Litt spesialforpleining skal man ha, når man er 77 år og går Birkebeinerrennet i klasse M75. Johan kvendset hadde privat suppestasjon oppe i fjellet ved Lillehammer. Johan er nemleg heldig og har søstra Inger i desse traktene, og når ho og søster Anne Marit frå Trondheim stiller opp med familiar blir det litt ekstra service å få både for skirennarar og nettredaksjonar. Johan fikk nysila havregrynssuppe med søstra, medan vi fikk bilder frå seansen tilsendt frå Gisle Haugen.
Som dere ser på bileta, var det litt snø i lufta, og kaldt den siste delen av rennet. Så det var nok godt med litt ekstraforpleining på tampen av løpet og før nedkjøringa til stadion ovafor Stampesletta på Lillehammer.