Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Birkebeinerrennet er avlyst

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. mars 2014

Sterk vind med storm i kasta i fjellet mellom Rena og Lillehammer har gjort at årsets Birkebeinerrenn er avlyst. Det var i år rundt 17 000 deltakarar som skulle delta i årets renn, og det rennleiinga vurderte det som uforsvarleg å sleppe så mykje folk til fjells slik tilhøva var i dag tidleg. Det er venta at vinden aukar utover dagen.  Det er nok mange som er skuffa, etter å ha førebudd seg på Birken i vinter, deriblant veteranen Johan Kvendset som sjølvsagt var påmeldt.

BirkenAvlystFjellet

Storm i kasta i fjellet mellom Rena og Lillehammer. Illustrasjonsfoto: Birken.no

Johan er for veteran å rekne i Birken-samanheng. Han har delteke 23 gonger, og klar krava kvar gong. Dette er andre gongen at Johan opplever at Birken har vorte avlyst, så egentleg kunne han ha vore kandidat til det gjeve 25-årsmerket i år. Johan var påmeldt i klasse M75 (75-79 år).

JohanKvendset_5712_L

Snømangelen i vinter har hindra Johan i førebuingane i vinter. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Vi har funne minst 2 todalingar til på startlista. Det er Arve Halset som var debutant i klasse M40 og Eduard Ortega som var debutant i klasse M35 . Arve var påmeldt for Todalen IL og Eduard for Spania.

 

Publisert: 15. mars 2014, 11:39