Ved Bindalsbygg på Terråk er takstolane på plass, og i neste veke skal det være tett tak på det nye lagerbygget som blir bygd i tilknyting til Byggernbutikken i sentrum. Dette skal forenkle lagerhaldet og butikkdrifta for oss, seier Adelsten Paulsen som er butikksjef på Byggern Bindal i Terråk.
Talgø har to avdelingar i Bindal kommune – Bindalsbygg AS som ligg i Terråk sentrum og har eigen Bygger’nbutikk og, medan Bindalslaft AS som ligg på Bindalseidet er eit reint entreprenørselskap og driv både lokalt i Nord Noreg. Bindalslaft har fått namnet Talgø Agrobygg AS og har sin spesiale på landbruksbygg som det ligg i namnet. Etter kvart vil nok entreprenørverksemda i Bindal bli samla i dette selskapet, seier Tor Harald Heimsnes som er dagleg leiar i selskapet. Da vil Bindalsbygg i større grad reindyrke butikkdrifta. I dag har dei to selskapa rundt 30 mill. i omsetning, og har eit tjuetals tilsette kvar.
Servicebygget som no er på knappe 1400 m2 får no eit lagertilbygg på 627 m2 – tilsaman ei golvflate på vel 2000 m2, der Bygger’nbutikken er største leietakar. På det resterande arealet er det blomsterbutikk/kafeteria, frisørsalon, fysikalsk institutt og rekneskapskontor. Det siste året har det vore stor byggeverksemd i servicebygget, men når lagerbygget snart er ferdigstillt og finpussen på resten er gjort unna så blir det fullt kjør igjen, seier Adelsten Paulsen.