Talgø kaster korta på Bindalsbruket AS. Måndag ble det klart at styret i selskapet ikkje såg grunnlag for å drive vidare med dørproduksjon ved bindalsbedrifta, som produserer inner- og ytterdører. Det var i mai 2011 at Talgø Invest AS overtok aksjemajoriteten i Bindalsbruket frå Bindal kommune, og har sia lagt ned store ressursar for å redde bedrifta. Men måndag var det altså slutt.
Salget av dører har auka det siste året, men tross pris og marknadstilpassing har ikkje Bindalsbruket As klart å tene pengar. Det kan helle ikkje leggjast skjul på at selskapet har hatt store produksjonstekniske utfordringar spesielt i tida 2007 – 2010. Dette har gjort at selskapet har vore belasta med eit betydeleg garantiansvar dei siste åra.
I pressemelding blir det presisert at situasjonen ved Bindalsbruket AS ikkje vil påverke dei andre selskapa i Talgø-konsernet. Nedafor kan du lese pressemeldinga som vart sendt ut frå Bindalsbruket måndag.