På vårparten overtok Talgø Invest AS som majoritetseigar i Bindalsbruket på Terråk. Bindalsbruket produserer Trenor dører, og marknadsfører inner- og ytterdører gjennom byggvarebutikkar over heile landet. Arne Rudningen som har vore innkjøpssjef hos Talgø, tok over som dagleg leiar for Bindalbruket og er no godt i gang med snuoperasjonen ved bedrifta. Han fortel at denne prosessen har gått etter plana, og at det no er ei veldig fin utvikling ved bedrifta.
Arne trivs godt i den nye jobben i Bindalsbruket, og seier at det no ser ut som den negative trenden gjennom fleire år er snudd til ei positiv utvikling for Bindalsbedrifta. Rudningen fortel vidare at bedrifta hadde god respons på sine produkt på Bygg Reis Deg 2011, der dei var representert på Talgø sin stand. Det er no salsapparatet til Talgø som har overteke marknadsføringa av Trenor dører, og dei har den sia i sommar besøkt forhandlarane saman med folk frå Bindalsbruket. Og Rudningen er overvelda over mottakinga og responsen dei har fått. Han seier at dei no også er på veg til å få fleire nye kjedeavtalar.
Rudningen skryter også av «ståpålysta» hos staben på fabrikken på Terråk, og seier at dei tilsette har lagt ned ein kjempeinnsats for å snu minus til pluss. Det er no rundt 40 tilsette ved Bindalsbruket, og Rudningen seier at det er ein motivert gjeng har med seg på laget. Han har god tru på at den positive utviklinga skal fortsette utover, og reknar med at dette vil påverke resultatet alt i 2011.
– Vi trur at 2012 blir eit spennande år, og er store optimistar på vegne av Bindalsbruket, seier Arne Rudningen til slutt.