Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Biltog og 17. maifrokost

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag inviterer, som tidlegare omtala til 17. maifeiring i Todalen. Det meste er tradisjonelt, der Nasjonaldagsfeiringa startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00, og påfølgande frokost og kaffe med kaker i Todalen ungdomshus klokka 11:00. Ei endring i år i høve til tidlegare år, er at det ikkje blir folketog etter kyrkja.  

Biltoget startar altså frå Matkroken Todalen klokka 10:00. Biltoget går opp nordsida til gammelfabrikken, der det blir ein liten pause, før toget går nedatt på sørsida til ungdomshuset eller Matkroken Todalen.

Klokka 11:00 er alle invitert til 17. maifrokost i Todalen ungdomshus. Her blir det servert brød med pålegg etter eige ønske. Litt etter klokka 12:00, blir det servert kaffe og kaker. Is til ungane høyrer Nasjonaldagen til, så det blir det sjølvsagt også! Det er meldt fint vêr på Nasjonaldagen, så det vil bli høve til å sitte både ute og inne, etter eige ønske.  

Pris per person, frå og med det året dei fyller 16 år, er kroner 100,-. Betaling med Vipps eller kontantar. Russ som kjem i russeklede får gratis frokost!

Nasjonaldagsfeiringa blir avslutta med gudsteneste i Todalen kyrkje klokka 14:00, med kyrkjekaffe etterpå.  

 

Publisert: 16. mai 2024, 06:43