Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Biltog med miljøprofil

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. april 2022

17.maikomiteen i Todalen hadde møte måndag kveld. Her vart det bestemt at årets feiring skal ha ein klar miljøprofil. Dette inneber mellom anna at det i år berre blir tillatt med el- og hybridbilar i det tradisjonsrike biltoget. Komiteen er klar over at ikkje alle har slike bilar, men med litt samkøyring, håper komiteen at alle som vil får vere med også på årets biltog. 

Leiar i 17.maikomiteen, Nils Ove Bruset, seier at dersom nokon ikkje finn nokon å sitte på med, så kan dei hjelpe til å finne plass. Da er det berre å sende e-post til 17-maikomiteen 2022 og gje beskjed, så skal dei prøve å finne plass. Biltoget har start frå Matkroken Todalen/Talgø klokka 10:00

17:maikomiteen vil også organisere tur oppover Toåa tursti, slik at den som blir med på dette kan vinke til biltoget ved Bønnavollen. 

Bruset håper på godt oppmøte, og at folk allereie no begynner å melde seg på, dersom dei ikkje sjølv har el- eller hybridbil. 

Laiar i 17.maikomiteen, Nils Ove Bruset, fortel at dei ønsker ein klar miljøprofil på årets feiring av nasjonaldagen. Foto: Arkivet til Todalen.no

 

Publisert: 1. april 2022, 11:04