Biltog på nasjonaldagen har ein lang tradisjon i Todalen – faktisk heilt frå slutten av 50-talet da vi hadde den spede start som såkalla «skrommeltog». Seinare har de auka i omfang, og dei siste åra har det vore 60-70 kjøretøy som har delteke – kanskje litt færre i år. Ein ser tendensen at det er litt mindra når nasjonaldagen er på helg, da det er folk som reiser bort – til hytta ellerv andre plassar.

Buss for tog – eller kanskje heller buss for 17.-maitog. I Todalen har skulebussen har tradisjon for å delta i biltoget på nasjonaldagen. Foto Jon Olav Ørsal
Det var start frå Matkroken på Kvennset, og toget gjekk oppover på nordsida av bygda – over Brusetbrua og oppover til Gammelfabrikken, der det var ein kortpause. På returen gjekk turen nedover på sørsida og endte opp i Ungdomshuset der Todalen Idrettslag inviterte til felles frukost.
På biltoget var det alle typar kjøretøy som deltok – frå mopedar og alletypar bilar til buss, traktor og ikkje minst 4 russebilar. Artig ar Surnadalsrussen tok seg tid til å delta, og dei var spesielt invitert til å delta på 17.-frokosten.
Nedafor har vi laga eit bildegalleri frå Biltoget – sjå om du kjenner att bilane – Alle foto Jon Olav Ørsal
Takk til Terje T. som var vaktbilsjåfør for fotografen.