Årets 17. mai blir også i Todalen skalert ned til eit minimum. 17. mai-komiteen ønsker å få til ei lita ekstra markering med det tradisjonelt biltoget i botnen. Derfor blir det flaggheising på Matkroen og Talgø og synging av nasjonalsangen før biltoget startar klokka 11 og fortsett turen opp til gammelfabrikken og runden ned rundt bygda igjen.
Sidan både felles frukost, gudstjeneste og tradisjonell markering utgår håpar komiteen ved leiar Astri Longva Kvendset at det blir eit retteleg langt biltog. Ho oppfordrar alle til å pynte langs vegen for å markere denne historiske nasjonaldagen. -Og utabygds er hjarteleg velkomne til å delta!