Med konsertprogrammet «Ville vekster i rosentiden» hadde Billucas nærast førpremiere i Todalen kyrkje fredag kveld. Dei har turnert litt i distrikts-Trøndelag i april og mai, men programmet skal lanserast i Frimurerlogen i Trondheim først søndag kveld. Og todalspublikumet tok vel i mot dei og fekk faktisk skryt for at dei var lydhøre.
Vi var bydd på musikk Monteverdi, Purcell, Bach, Händel Schumann, Brams og mange fleire som var rekomponert av medlemar i ensemblet – piffa opp og til litt livleg og eksperimentell musikk som både var ispedd ungkarsstev frå Telemark og bånsull frå Setesdal og elles prega av folketonar både frå Tyskland, Irland og England. Rett og slett ei artig forestilling med mykje flott song og musikk.